torsdag 13. februar 2025

Nordisk innandørs 2025 med innlagt NM - stav!

Denne helga er det altså nordisk og norsk mesterskap masters 2025. 
For offisiell informasjon og link til arrangør trykker du her, då kjem du til nyheitssida frå Norsk Friidrett.

Eg er påmeldt på to øvingar på sundag, 60m hekk og stav.
Det er heldigvis eit par timar mellom øvingane, noko som passar bra. Då får eg "brent av litt adrenalin" på hekk, og roe ned etterpå før eg startar oppvarminga til stav.

Det blir første gong eg deltek på eit stevne med stav utan trenar. 
I fjor var eg så heldig at trenar Harald var også funksjonær (og/eller dommar?) på stav på fylkesmesterskap 2024 på Kjølnes. 
Då kunne eg varme opp "med ein vaksen til stades" som eg likar å kalle det når eg skal trene stav, og han gav meg råd til kva type stav eg skulle bruke.

Eg er såpass fersk på stavtrening at eg alltid tyder til korte og "tynne" stavar, men om eg da havnar på ein barnestav så kan denne faktisk knekke. Sjølv med mine 160cm som liknar juniormål, så er vekta mi langt over barnestørrelse.

Så på Nordisk/NM på Nes skal eg plukke stav sjølv.
Det blir jo uansett "stiv stav" (jada, det er undelege moglegheitar å lage vitsar med uttrykket). 
Eg skal prøve å ikkje la meg friste av farge - på tabellen over tilgjengelege stavar i Nes Arena såg eg at det fantest ein rosa stav

Er det slike "rosa" stavar?
Desse her er frå UCS Spirit.
Eg lånte bildet frå nettsida deira.
Det hadde vore moro med ein rosa stav da. Eg får sette den på ønskelista mi.
Dei finst på idk


Så kva skal ein trene på når det gjeld stav, når det ikkje er fasilitetar i området eller regionen, og så vidt meg bekjent ingen aktiv stavtrening om vinteren?
Ikkje så mykje.
Kjernestyrke er viktig.
For meg som masters utøver er generell kroppsstyrke viktig, og god mobilitet og friske sterke leddband og sener. 
At eg ikkje har tilgang til stav å trene med kan vera ein fordel - så fersk som eg er, og samtidig super motivert kan eg fort legge til meg uvanar når det gjeld teknikk.
Det har blitt antyda av fleire som har sett meg støte kule. 
Der har det blitt litt "geriljateknikk".

I går før gruppetimen med mobilitet tok eg ei kort økt med skadeforebyggande styrke (hamstring,sete og leggmuskulatr) og trena litt "apekattstyrke".
Bildet snakkar for seg sjølv:
Apekatt-abs?

Eg synst jo at stavtrening er frykteleg moro.
Som jente har eg leika mykje ute, klatra på tre, svinga meg i tau og med venninner prøva me å overgå kvarandre til all slags akrobatiske turnøvingar på stang.
Det er veldig kjekt å bruke desse akrobatiske erfaringane nå, og eg set pris på å tenke tilbake til desse minnene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nordisk innandørs 2025 med innlagt NM - stav!

Denne helga er det altså nordisk og norsk mesterskap masters 2025.  For offisiell informasjon og link til arrangør trykker du her , då kjem ...