fredag 1. mars 2024

Då er bloggen blitt til! Og bakgrunnen for at den skal handle om sjukamp.

 Det her blir altså bloggen, eller forteljingane om prosjektet mitt, sjukamp.

Tidlegare, dvs heilt sidan 2006, har eg drive med uhaldenhetstrening i form av løping, og så sidan 2007/2008 drive aktivt med triatlon. Ein sport er visst ikkje nok for meg!

Med unntak av perioden 2014-1017 der eg sleit med diverse overbelastningsskadar, og derfor dreiv nesten utelukkande med tung styrketrening, deltok eg også regelmessig i konkurransar av mange slag og distansar, i både Norge og utlandet. 

Sommar 2023 bestemte eg meg for å prøve noko nytt: eg ville drive med friidrett, dvs friidrett på bane. Løp hadde eg jo deltatt i mange gonger før, deriblant også eit par-tre 5000m på bane, men det meste av konkurransane mine foregjekk utanfor banen, i både innsjøar, havet, på asfaltvegar, grusvegar og sti. 

Men nå blei eg nysgjerrig på friidrett, og då mest pga at dei tekniske krava mange av friidrettsøvelsane stillar til utøveren. Eg har alltid vore god til å svømme, men likte også å trene teknikk på svømming. Dette ville eg ha meir av. 

Eg blei også inspirert av å sjå på og hjelpe til på noko lokal sprinttrening her på banen på vinteren,og prøva å henge med på noko drills, noko som eg i grunnen hadde gjort alt for lite av før. Det var moro, og dette ville eg gjera meir - eg kjente at kroppen min hadde godt av å utfordre seg på ein annan, uvan måte!

Friidrett på bane byr så mange forskjellige øvelsar, og bortsett frå eit sjeldan 5000m løp hadde eg ikkje prøvd noko særleg av desse. Eg hadde riktignok hatt lyst til å støte kule eit par år tidlegare, gått til innkjøp av to fine, røde 4kg jernkuler, og tatt dei med ut for å prøve litt kulestøt. Bortsett frå det var eg ganske usikker kva øvinger som ville passe meg. 

Så lite friidrett hadde eg prøve gjennom livet, at eg ikkje ein gong kunne finne ut kva øving som eg syntest ville bli mest moro å fokusere på. Eg ser ikkje på meg sjølv som ein rask sprinter, seig og uthalden som eg alltid hev vore. Kulestøt såg artig ut, men eg mangla styrke i overkropp. Hoppøvingar hugsar eg som frustrerande frå skuletida - med mine snaue 160cm følte eg meg alltid for lita til å kunne få dei til, og hekkeløp virka dermed også ganske dristig å satse på.

Men viss det er ein god eigenskap eg skulle ta fram hos mine sportslige forutsetningar, så ville det kanskje vera allsidighet. Og om eg ikkje kunne bestemme meg, fantest det ein grunn da til å gjera det? 

Mangekamp var ordet eg kom til å tenke på. Kva innebar det eigentleg? Kva øvingar? Var det ti eller sju, er tikamp berre for menn, og distansar spring ein på? 

Dette kunne eg finne ut av. Mangekamp, der ein skårer poeng som resultat, og opparbeidar seg ein poengsum frå sju/ti øvingar i løpet av to dagar. Dette kunne vera noko for meg. Sprint såg jo absolutt veldig moro ut. Tenk å kunne løpe så fort?
Hoppe høyde kunne eg kanskje få til. Hoppe lengde likte eg aldri så godt på skulen; der hadde eg bokstaveleg talt alltid kome til kort. Kulestøt var med på sjukamp, det var bra. Men spydkast? Eg hadde da aldri tatt i eit spyd ein gong? Skulle eg lære meg dette på eige hand, og korleis ville dette gå? 
For ikkje å snakke om hekkeløp. Hekkane virka høge. Og dei står i vegen, og dei er mange. Korleis i all verda kunne eg kome meg over dessa, springande? 

Det virka nesten usannsynleg å kunne få til alle desse øvingane. Men eg likar slike utfordringar. Nokon kallar slikt "hårete mål" - er det eigentleg fordi desse måla får håret på armane og i nakken til å reise seg av skrekkblanda fryd?

Planen tok snart form: eg skulle lære meg alle øvingane som høyrer til sjukamp fram til OL 2024 i Paris, då ville eg jo få eit heilt år på meg. Det virka lang tid da, den sommaren 2023. 

Nå er det blitt mars 2024. 
Og eg er godt i gang. 
Gjennom vintermånadene har eg meir og meir fått behov for å samle ressursar, erfaringar, og reflektere over treningane mine. Treningsdagboka i papirform har vore, og er, god hjelp til dette, men nå treng eg allikevel bedre plass. 
Og plass til bilder, videosnuttar, linkar til gode ressursar frå friidrettens verda, plass til lange innlegg der eg kan diskutere framgangsmåten med meg sjølv, og eventuelt andre, og mykje meir. 

Så nå er denne bloggen blitt til.
Den er først og fremst ein personleg blogg basert på mine erfaringar og tankar, og skal på ingen måte vera ein fagleg ressurs for nokon som har lyst til å begynne med sjukamp eller annan mangekamp. 
Til dette finst det bedre eigna ressursar (men tips meg gjerne om desse om du vil, når det gjeld mangekamp er ikkje ressursane så altfor mange).


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Nordisk innandørs 2025 med innlagt NM - stav!

Denne helga er det altså nordisk og norsk mesterskap masters 2025.  For offisiell informasjon og link til arrangør trykker du her , då kjem ...